23 og 24 desember

 

 

 

Adventskalendar

 

23 og 24 Desember

 

 



Fotomiks 

 

#godjul #adventskalender #jul #desember #akrylmaling #maleteknikker #fotoredigering #interiør #design #hobby

 

 

22 Desember

 

 

Adventskalendar

 

22 desember

 

 


Fotoredigert

 

 

#adventskalender #jul #desember #akrylmaling #maleteknikker #interiør #design #hobby
 

21 Desember

 

 

Adventskalendar

 

21 Desember

 

 


Malt med pensel og slikkepott

 

 

#adventskalender #jul #desember #akrylmaling #maleteknikker #interiør #design #hobby
 

20 Desember

 

 

Adventskalendar

 

 

20 desember

 

 


Ulike maleteknikkar

 

 

#adventskalender #jul #desember #akrylmaling #maleteknikker #interiør #design #hobby

 


 

19 Desember

 

 

Adventskalendar

 

19 Desember

 

 



Malt med ulike teknikkar

 

 

#adventskalender #jul #desember #akrylmaling #maleteknikker #interiør #design #hobby

 

 

18 Desember

 

 

Adventskalendar

 

18 Desember

 

 


Malt med pensel og vaska
 

 

 

#adventskalender #jul #desember #akrylmaling #maleteknikker #interiør #design #hobby

 

17 Desember

Adventskalendar

 

17 Desember

 

 



str 80x60  Malt med ulike teknikkar

 

 

#adventskalender #jul #desember #akrylmaling #maleteknikker #interiør #design #hobby

16 Desember

 

 

Adventskalendar

 

16 Desember

 

 



Malt med pensel og slikkepott

 

 

#adventskalender #jul #desember #akrylmaling #maleteknikker #interiør #design #hobby

 

 

15 Desember

 

 

Adventskalendar

15 Desember

 

 

Malt med pensel

 

 

#adventskalender #jul #desember #akrylmaling #maleteknikker #interiør #design #hobby

 

 

 

 

 



 

14 Desember

 

 

Adventskalendar 

 

 

14 Desember

 

 



Malt med pensel

 

 

#adventskalender #jul #desember #akrylmaling #maleteknikker #interiør #design #hobby

 

 

 

13 Desember

Adventskalendar

 

13 Desember

 

 



Malt med pensel og slikkepott

 

 

#adventskalender #jul #desember #akrylmaling #maleteknikker #interiør #design #hobby

 

 

 

 

Med pensel og spatel

 

 

 

 

Med pensel og spatel

 

 

"Barnet"

 

 

 

....Det var ein gang og innanfor den gangen, var det eit kjøkken....

Velkomen inn att på kjøkkenet, i dag skal me bruke pensel og spatel.

Det som er viktig med den måten å male på som eg skal vise i dag,

er å tørke av og vaske penselen ofte.

Lærte ein ny ting denne gongen, ikkje lurt å male på 50x60 lerret til bloggen, 

vart for stort til å vise heile bildet under arbeid. 
 

 

Då er me i gang.

Har malt over eit lerret, som ikkje vart som det skulle.

 


Klypt ei maletube i to og skraper maling ut av ei tuba (øverste del først), og legg på lerretet.

 


Slike tetter eg tuba etterpå, du kan og skru av korken og ta ut malinga.

Då kan du fylle litt vatn på tuba seinare og bruke den i som "sprutmaling" på lerretet.

 

 


Startar med å dra ut kvitfargen først.

 

 


Så drar eg med dei andre fargane.

 


Jobber frå midten og ut.

 

 


Drar alt over NB! hugs å vaske kosten ofte



 

 

Dratt over heile lerretet, frå venstre mot høgre,

skifte vatn ofte

 


Du vel om du vil stoppe her. Du kan legge på gladpac her om du vil.

 


Drar opp med fukta pensel og tørker av den mellom kvart penselstrøk.



 

 


Her og kan du stoppe om du vil.

 

 


Fukta penselen og dra ut lyse områder

 

 

Viser litt dårleg her, men bruker spatelen til å dra over deler av maleriet.

Bruker spatelen litt på skrå. og tørker av for kvar gong

 



 

 

Fukta pensel og drar over der eg brukte spatel

 

 


Fukta penselen og drar over  med rette linjer frå venstre mot høgre,

på deler av maleriet

 

 


Setter det opp og lar det renne litt

 


 

 

Drar over enkelte deler av maleriet med godt fukta pensel.

 



 

 


Sprayer på vatn

 


Bruker litt tørkepapir til å lage litt effekt.

 



 


Bruker liten pensel til å dra fram litt "reinare" fargar på enkelte parti, hugs å tørke/vaske

 

 

 

Dratt over heile lerretet frå venstre mot høgre, fukta penselen godt ofte.

Spruta på litt vatn og

 

 

Snudd maleriet, etter at eg har latt det renne litt.

 



 

 


Fram med spatelen, bruker den her litt på skrå og med kantsida ned

 



 

 

For å lette arbeidet, er det lurt dreie lerretet for kvar gong du skal lage "blad"

og hugs å tørke av spatelen mellom kvar gong

 


Spatelen på skrå

 



 

 


Litt dårleg lys

 

 


Slik vart det, ser du barneansiktet i eine "bladet" i midten

 

 

 

 

Fotoredigerte

 



 



 



 




 

Takk for denne visitten, kos deg med å prøve ut ulike teknikkar. 

 

Dette vert siste maleblogg før jul,

det er ein god del arbeid med å male, ta foto og redigere foto, samt å skrive bloggen, 

så tida strekk ikkje til med fleire maleprosjekt før jul.

 

Men kjem til å legge ut Adventkalendaren av mine maleri fram til Jul

 



Ynskjer Dykk ei fredleg jolehelg 

og eit fargerikt nytt år

 

 

 

#akrylmaling #jul #desember #maleteknikker #maleglede #interiør #design #godjul #hobby

 

 

 

11 Desember

 

 

Adventskalendar

 

 

11 Desember

 

 



Malt med rulle, svamp og pensel

 

#adventskalender #jul #desember #akrylmaling #maleteknikker #interiør #design #hobby

 

 

10 Desember

 

Adventskalendar

 

10 Desember

 

 



Redigert maleri.

 

 God helg i adventstida.

 

#adventskalender #jul #desember #akrylmaling #maleteknikker #interiør #design #hobby

 

9 Desember

 

 

Adventskalendar

 

9 desember

 

 



Maleri malt med kost og gummispatel

 

 

#adventskalender #jul #desember #akrylmaling #maleteknikker #interiør #design #hobby

 

 

8 Desember

 

Adventskalendar

 

8 Desember

 



Maleri som er malt over og vaska.

 

#adventskalender #jul #desember #akrylmaling #maleteknikker #interiør #design #hobby

 


 

7 Desember

 

Adventskaledar

 

7 Desember

 



Maleri malt med pensel, vart ikkje som eg hadde tenkt,

så eg malte over med svart.

Så starta eg med å vaske over det med ei fuktig fille, NB viktig å skylle filla ofte

Når ein vaskar over maleri, vert fargane ofte litt matte.

Men å avslutte med blank ferniss til slutt gjer dei litt liva att.

 

#adventskaleder #jul #desember #maleteknikker #akrylamling #interiør #design #hobby

 

6 Desember

 

Adventskaledar

 

6 Desember

 

 



Maleri malt med kost og slikkepott

 

 

#adventskalender #jul #desember #akrylmaling #maleteknikker #interiør #design #hobby

 

 

5 desember

 

 

Adventskalendar

 

5 desember

 

 

Maleri malt med kost, maling lagt på lerret og malt den ut med kost.

Når all maling dekka lerretet, malte eg heile tida, enten loddrett eller vannrett. 

Tørka kosten godt mellom kvar gong eg drog over lerretet, på siste "runde,"

litt vatn på kosten til å begynne med, sidan vart det "tørr" kost.

Brukte grøn, blå og gulfargar.

 

#adventskalender #desember #jul #akrylmaling #maleteknikker #interiør #design

 

4 desember

 

 

Adventskalendar

 

4 desember

 

x-default

Malt med pensel, spatel og svamp og sett tekst til.

Ser du ansiktet opp til venstre? med lett slør av hår over eine auge?

 

 

#adventskalender #jul #desember #akrylmaling #maleteknikker #hobby #interiør #design


 

 

3 desember

 

Adventskalendar

  

 

3 desember

 




Redigert maleri med lyseffekt.
 

#adventskalender #akrylmaling #maleteknikker #foto #design #interiør #hobby

2 desember

 

Adventskalendar

 

2 desember

 

 

 

 

 

Maleri som eg har brukt  slikkepotten på :)

Gled deg til du skal ta fatt på den.

 

Hugs at ".. enten du trur du kan det eller du trur du ikkje kan det, så har du rett.."



Du du finn heile kalendaren på nettbutkken min www.mayasart.net


#adventskalendar #akrylmaling #kunst #design #interiør #hobby #maleteknikker #jul #desember

1.desember

 

Adventskalendar

 

Nokre av maleria mine har fått eigen tekst og nokre sitat og av dei har eg laga ein adventskalendar,

så no i desember kjem eg til å legge ut frå den,

fram til 24 desember.

 

 

 


Sjølvsakt kjem det litt maling og etterkvart.

 

Ha ei fredleg og god adventstid.

 

#adventskalendar #maleri #akrylmaling #interiør #design #jul #desember
 

Visakort og pensel

 

 

Med visakort og pensel

 

 


Fotoredigert 

 

 

Hei igjen,

då  er me klar  på kjøkkenet att .

 

I dag skal me male med pensel og visakort, og mykje maling.

 

Har valt å ta med fotoredigering, då kan de sjå kva ulike fargar gjer med eit maleri.

Du maler med dei fargane du liker, enten det er ein eller fleire fargar

 

Då begynner me.

Har malt over eit lerret med litt kvit maling.

 


I dag blir det med pensel, i ulike storleikar.

 

 


Legg malinga rett på lerretet

 

 


Startar med middels stor pensel.

 

 


Begynner i midten og drar penselen ut mot høgre

 



 



 

 


Frå venstre og inn mot midten.


 

 


Drar penselen frå venstre til høgre

 

 


Drar penselen nedover






 

 


Drar penselen oppover frå enkelte parti på lerretet, frå no av tørker eg penselen mellom kvar gong 

eg drar den over lerretet.


 

 


Drar penselen nedover, frå der eg starta med å dra den opp over.

 

 


Vaskar penselen ofte og tørkar av den mellom kvar gong eg har brukt den på lerretet.

 


Drar penselen over heile lerretet, frå venstre


 

 


Ein omgang til, med å dra penselen opp og nedover






 

 


Drar over heile lerretet, ein gong til. Frå høgre mot venstre

 

 


No vel eg å bruke ein større pensel.

 


Drar nedanfrå og opp

 

 


Hmmm, kanskje visakortet kan brukast?

 

 


Drar forsiktig frå der blåfargen er, drar 5 lengder ved sida av kvarandre,

 tørka kortet, kvar gong du har "dratt" det :)

 

 


Drar litt under husa, mot høgre

 

 


Husa må ha tak, bruk kortsida på visakortet og marker tak.


 

 


Drar lett fuktig pensel, nedover under husa.. tørkar penselen kvar gong




 

 


Finpusser litt med liten pensel.


 

 


Her skal eg vise effekt av gladpack og mykje maling

 

 


Bruker same plast og flytter den opp til husa.








 

 


Bruker liten pensle, med litt stive bustar til å lage litt vindu i husa.

Markerer litt i den malinga som er der.


 

 


Slik vart det .. og sjølvsakt vil det bli ulikt i andre fargar.

Du kan og velje å berre bruke pensel att og fram heile tida.

men då er det viktig at du vaskar penselen ofte og tørker den mellom kvar gong du er på lerretet.

Dvs har du dratt over ei lengd, må du tørke den og når du skifter rettning, må du vaske den, før du starta.



 


Fotomiks, nye redigerte fargar.
Einaste ein skal vera, obs på er at det kan bli gusje farge om ein blandar for mykje fargar som ikkje 

går saman.. då er gladpacken god og kan få fram fargane att.


 

 


Her er fotoet redigert med slør kant, men skulle eg ha malt med desse fargane

så hadde eg lagt på kvitt og litt svart på lerretet og starta med same prosessen

som eg har vist. Raudt og gult hadde eg lagt på tilslutt, før visaen blir "dratt"

Bulken som kjem fram på maleriet er lerretet, tips til å "fikse" dette er å spraye med vatn,

bak på lerretet, de bulken er.

 

Kos deg og prøv deg fram

 

#akrylmaling #hobby #interiør #design #maleteknikker #kunst #foto
 


 

.."La det renne i strie strømmer.."

#akrylmaling #hobby #dekor #interiør #maling #design #maleteknikker

 

 

I dag skal me la fargane, renne og sige nedover lerretet

 



 

 

Tykkjer du at det ser vanskeleg ut?

Ikkje fortvil, blir det ikkje slik det skal, så maler me over maleriet att.

Dette har eg malt på fleire gonger under prosessen og latt det tørke mellom kvar gong eg maler.

 

Blei litt dramatiske fargar, men så var eg vel gjerne i det dramatiske hjørnet, he, he

Mange har problem med å bruke svart maling i maleria, men eg tykkjer det gjev ein veldig god effekt.

Har og brukt litt lilla, men den viser kun i godt dagslys, slik det er no.

"..Kven, kveit,..." kanskje kjem det nye fargar på etterkvart. 





 

Hiv og hoi... inn att på kjøkkenet til kost og lerret.

 

 

Eg er veldig impulsiv, når det gjeld kva eg skal male med. Dette var det eg tenkte på i dag.

Men, som vist så vart det kosten.

Har heller ikkje grunna lerretet, eg tykjer at fargane set seg bedre i lerret på den måten eg har vist til no.

Mange vel å grunne dei med Gesso, før dei maler. men då maler dei på andre måtar, som skal dekke heile lerretet.

Når eg gjer det bruker eg vanleg akryl maling og ofte restar av maling. 

Har mange gonger brukt kvit akryl veggmaling til det.

 

Vel, attende til lerretet her.

 

Her vel eg å legge maling rett på lerretet,

har lagt på gult og orange 

Når det er lite maling att på tubene, klypper eg den i to og tar ut maling med ein spatel.

"rensker" først den øverste delen. Den presser eg på tuba att etterpå, for at resten av malinga ikjke skal torke.

Derfor ser den orange litt flatare ut.

 


Som nevnt så valde eg å bruke kost

 


Starta med den gule fargen fyrst.


Bruker litt vatn og.

Til slutt maler eg ein veg på lerretet. Her, ovantfrå og ned.

 


Set opp lerretet og starte med å bruke mykje vatn på kosten.

 


Drar våt pensel over lerretet, på ulike plassar.

 


Tid for litt dramatikk, på med svart.

Bruker same pensel, uten å vaske den

 


Der det er lysare felt, er der det har vore mest vatn på penselen.

 


Lar det renne litt.

 


Snudd det, for at det skal renne litt den vegen og.

 


Tid for å tørke litt.

Det er viktig å vaske kosten og skifte vatn, når ein skal ta til med ny fargar,

etter at de har tørka.

No, framover, så vaskar eg kosten og skifter vatn, for kvar maleprosess.

 


Testar ut om litt eplegrønn farge kan gje litt liv. Maler på litt øverst på maleriet.

 


Snudde det att.

 


Tja... tid for litt meir vatn.. Så eg sprayer på litt.

 


Tørker av litt maling med tørkepair og lette trykk.

 


Tid for å tørke litt att.

Du ser kvar eg har tørka av på dei lyse partia og litt på det svarte.

 


Etter at det har tørka, legg eg på litt meir orange maling.

Bruker og litt våt pensel til å dra den du.


 

Fuktar penselen og drar over lerretet, medan det står litt opp.

 


Fram med tørkerullen att.

 


Du ser kvar eg har tørka, lysaste delane.

 


Lar det tørke att

 


Fekk ein ide om at eg kanskje kan ha på litt gult.

 


Sidan dette er ein halvt dekkande farge, så brukte eg ikkje så mykje vatn på kosten.

Du ser litt gulfarge nederst på maleriet.

 

Nei, dette vart for tamt, her må det meir drama til, så no legg eg på litt svart att.

Har maling på ein papptallerk og våt malerkost. Må dupper den ofte i vatn.

 


Fram med tørkepapir att og duser ned kantane.


 


For å la det renne litt meir, vel eg å fukte penselen att og dytte den på malinga,

med med kosten den vegen som eg held den no.

 


Tid for tørking att.

 

 


Må ha litt meir fargar, så no vert det lilla 

 

Framleis med våt pensel, oppe på maleriet og langs kantane.


 


Tid for meir vatn og la det renne. Trykker fuktig pensel oppe på maleriet

der den lilla fargen er og langs kantane.

 


Snur litt på maleriet, for at det kan renne litt denne vegen og.

 


Snudd det att og fram med tørkepapiret.

 

Spraya på vatn medan det ligg flatt og tørker litt meir.

 

Vel... på tide å la det tørke og sjå om eg skal gjere noko meir med det.

 

Trur det skal få vera slik ei stund.

 

Slik kan du leike deg fram, med pensel og vatn,

og dei fargane du likar.

Går det gale og det vert ein gusjefarge, så tørker du av lerretet

og  lar det tørke. Etterpå kan du grunne det med kvit farge og du kan starte på nytt.
 

 

Fargemiks.





 

 

Neste gong skal me bruke pensel,  meir fargar og lite vatn

Då kan du bruke eit lerret som du har malt over.

 

Då får resten av dagen gå til å gjere klart maleri, foto, oppbevaringsposar til bunadskjorter m/ brodert navn og puter, som skal vera 

med på pop-up butikk i regi av Kunstvandring på Voss

Vi opnar på søndag under julegateopninga

Skal bli godt, å ha litt mindre kreative saker på kjøkkenet. Så det vert tomt når alt er vekke der i frå.

Kos deg i dagen med fargerike sprell.

 



Takk for i dag

Så enkelt kan det gjerast

# blogg #akrylmaling #tape #hobby #interiør #design #maling #fotoredigering

 

 

I dag skal me teste ut ein enkel teknikk, som alle kan få til.

Med litt enkle triks kan du lage deg eit maleri, 

Så vist du framleis seier at du ikkje kan male, så er dette 

veldig lett. 

Velkomen inn att på kjøkkenet.

 


Hugsar du dette? med sjablong?

No har eg lagt til ein  måne ( laga av maleriet) og litt lyseffekt. 

 

 

Nei, no må me finne fram lerret og tape

 

Her har eg lagt fram, det som me treng.

Tape i to ulike bredder og maling.

Tenkte at eg kanskje skulle bruke bobleplast i dag, men valgte å ikkje gjere det.

Det får me ta ein annan gong


Her har eg teipa opp lerretet, eg har valgt rette linjer,

men du kan teipe den på kryss, lage ruter osv

Det er kun fantasien som stoppar.

 


Så starta me å male, begynner med den smalaste stripa,

mellom teipane. Brukar tørr svamp.

 


Legg på ein annan farge, rett på lerretet, og bruker same svampen

 


Ny farge, og same svampen, har brukt tre ulike lilla fargar

 


Slik då var det gjort, no kan du velje om du vil la det tørke slik,

eller gjere som eg gjorde.

Spraya på litt vatn.

 


Så kom gladpacken på.

Her kan du og sprute på vatn, la det ligge litt og tørke med lette trykk med tørkepapir eller fille


Her er gladpacken og tapen fjerna. Så enkelt og så fort.

 


Her kom fargane litt bedre fram

 

Her har eg festa "pluggane" i hjørnene. 

Du kan vera litt obs når du fester dei. På ferdig oppspente maleri, så følge dei med.

Men på nokre er dei veldig lett å sette inn, medan på andre må du bruke ein hammar.

Eg har brukt makt av og til og enda med at "pluggen" kom gjennom lerretet, så ver litt obs

Her var det veldig trang opning, så eg fekk dei så vidt inn.

Du begynner med det nederste "opninga" på lerretet.

 


Ferdig maleri med gladpack effekt.

 


Litt farge endra

 


Ein annan måte å feste tapen på.

Her har eg spruta vatn på og tørka av med lette trykk etter ei lita stund

malt med ein svamp her og.

 


Ein variant

 


Her har eg tapa opp på eit maleri som var malt frå før.

Så malte eg over med svart i alle rutene.

Etterpå så tok eg ei fukta fille og tørka av litt, slik at det ikkje vart så "harde" kantar

Dette bildet er det vanskeligast eg nokon gong har tatt bilde av,

har alltid blitt uklart. Men no skal eg få tak i fjernutløysaren til fotoapparat ( som eg har klart å gløyme att, etter besøk)

Så då vil nok resten av bilder til bloggen bli litt klarar og.

Skal lite rystelsar til med manuell innstillingar sjølv på stativ. Nok med at sleppe opp bildeknappen, litt for fort.


 

 

Avslutter dagen med bildemiks av det som står øverst i bloggen i dag

      
Månen som er miks av maleriet, før eg brukte sjablong på det. Den er blitt "klypt ut" i redigeringsprogrammet Gimp

og sett inn i maleriet.
Gimp er eit gratis nedlastings program for bilderedigering.

Eg bruker og Picasa mykje, både til miks og tekst. Det er og gratis redigeringsprogram, som du kan laste ned.



 

 No har eg vist nokre enkle teknikkar som du kan bruke for å skape ditt eige maleri.

Vi har brukt , gladpack, sjablong, blonder, kakeserviett og tape,

så no kan me ta fatt med penselen, eller blir det visakortet? kanskje cden? 

 

Ja, sei det du, det vil tida vise,

så no kan det  

bli spennande. 

 

 

 

Fleire maleri av eitt.

#akrylmaling #foto #inspirasjon #digitalkunst #Interiør #hobby

 

Litt inspirasjon ein søndagsmorgon

 

Som eg har nevnt tidlegare, så kan du få mange maleri av eitt, ved fotoreigering.

Her skal eg vise nokre maleri som er blitt redigert

 

 

Utsnitt av maleri.


Her har eg malt med slikkepott og og mykje maling, lagt rett på lerretet.

Sjølvsakt, skal eg vise den måten å male på og.
 

 

Av eit maleri kan du få mange

 

Her er orginalmaleriet.

Bukt pensel, svamp og plast.

 

Fotoredigert

 

Fotoredigert

 

Fotoredigert

 

Fotoredigert.


 

 

Det er og lurt å snu rundt på maleriet,for å finne ut kva veg det skal henge.

Det er ikkje alltid, at det er slik du malte det som blir "rett"

 

Skal vise det her, med eit maleri som eg har malt med hendene.

Eg har valt å ha det slik

 

Snudd

 

Snudd

 


Snudd



Slik kan du leike deg med eit maleri, snu og vende på det.

Blir nye utrykk for kvar gong

 

 

Eit med gladpack som er redigert

 

Til slutt så vart det til eit egg 


 

 

For å få gode bilder til print, bør du ha eit speilrefleks kamera, for å få nok piksler på fotoet.

Ellers så kan bildene verte uklare, når du skal forstørre dei.

Når du legg bilder ut på nett, bør du og forminske dei, slik at det ikkje er så lett å kopiere dei.

Bildefilene bør ikkje vere over 600 piksler (  ofte ned til  350 piksler), normalt foto er mellom 3000 og 5000 piklser.

 

I morgo er me tilbake til maleteknikkar att.

Då var det siste enkle teknikk, med tape og fargar,

kanskje litt gladpack då og kven veit, før me er i gang.

 



 

 

 

 

 

 

 

Litt andre fargerikesprell

#interiør #fargeglede #foto #stoff #akrylmaling #søm 

 


Maleteknikk som eg skal vise seinare i bloggen.


 

 

I dag blir det litt andre fargerikesprell.

Kjøkkenbordet mitt blir brukt til mykje rart, så no står klypping av puter for tur.

Finne rett farge på broderingstråd til putene, tekst og motiv er allerede lagra i broderimaskina.

Lite egna, bord til maling i dag. Så det må nok vente til eg er ferdig med syprosjektene.



 

Stoffruller med putestoff og fargeprøver av stoffet.

 



 

 

Litt andre prosjekt og. Snart klar til pop-up butikk før jul. 

Foto og print av anna design er sett i passepartout og ramme.

 

 

Men me kan no ikkje legge til side, all maling heller,

Her eit maleri som det er lagt pasta på og grunna, ein teknikk som eg skal vise seinar.

 

Litt miks av eit foto, ser du ansiktet som dukka opp? Nede til venstre.. orginalfoto er av greiner og skyer.

 

 

Litt til ettertanke i dagen 


 

Nei no venter klyppesaksa og symaskina,

så det blir ikkje så mykje på bloggen, dei neste dagane

 


Eit av mine foto som er klar for pop-up.
 

 

Ha ei fargerik helg




 

Blondestoff og akrylspray

#akrylmaling #spraymaling #maling #interiør #kunst #maleglede #blonder #maleteknikker #hobby

 

Med blonder og akrylspray



I dag rauk blodegardina, men må no sei meg nøgd med resultatet.

 

Enkel teknikk som kan brukast på lerret, ark, plater, dører, skuffer osv

 

Har prøvt dette ut på eit lerret tidlegare, så eg gjorde meg nokre erfaringar som kan kome til nytte.

Det kan vera lurt å halde til ute, medan ein sprayer eller i eit egna rom med lufting.

Då eg hadde kjøpt meg akrylspray første gong, så måtte eg jo teste den ut med ein gong.

Svolten var eg og, så eg tenkte det gjekk bra på kjøkken bordet med voksduk under, samtidig som eg laga middag.

Alt var fryd og gaman, teipa kantane på akvallark og la blondestykket over.

Spraya i veg og var sånn passe fornøgd med resultatet.

Sidan eg laga middag samtidig så stod jo vifta på fult, eg rydda vekk kreativiteten og konsentrerte meg om middagen.

Ja.... det var merkeleg så skitten ovnen var blitt og golvet var fult i fotspor????

Kva i alle dagar?

Jepp, så tok eg an, du...    vifta hadde dratt til seg det meste av svevestøvet frå sprayinga.. 

Heldigvis sidan komfyren og golvet er behandla, så sette ikkje malinga seg fast.

Jadå.. så den som måtte fram med klut og bøtte det var meg.

Så moralen er, vent til du er ferdig med å spraye, før du set på vifta.

Eg spraya inne på kjøkkenbordet i dag, sidan det var litt kvite greier i lufta ute,

men hadde gardert meg med å dekke til det som eg ikkje ville at det skulle komme malings snek på.

Og ikkje vifta på, før etterpå, kan du vete.

 

 



 

Nei, no får me kome igang med litt blonder å greier.

 

 

I dag har eg grunna eit lerret med svart maling og tørka, for å vise den type kontrast.

 

Valgte og å legge på tape, for å vise litt fleire måter å gjere det på. Markerte med små strek der eg ville ha tapen. ​


 

Så er det klart for å legge på blonder.

 

For at det ikkje skal bli utydleg "avtrykk" er det viktig at blonda litt godt ned på lerretet.

Eg har teipa den fast på baksida for at den skal bli fast rundt lerretet


 

Akrylsprayen er klar. Du kan og bruke andre spraymalingar, men hugs lukt og svevestøv.


 

Eg har eit fat som går rundt som eg legg lerretet på.

Med M.. i sløyd, du, :) så laga eg eit ostefat med kulelager på, slik at det går rundt,

Det vart ikkje brukt til ost, ( for lite) men til å sette ting og tang på, som eg har spraymalt.





Spraying pågår.

 

Blondene er tatt av, no er det att tapen.

 

Sjå her du... slik vart det i dag. Så enkelt og så fort.

 

Resultat, ( ser litt skeivt ut her, men vanskeleg å få beine bilder til å klyppe ut, med redigering, men har pønska ut ein ide til det og)

 

 

 

Her er blondene strekt over eit lerret som ikkje var grunna med anna farge.

Spraya med orange og litt grått.

 

 

Her ser du når blondene ikkje er festa stramt nok over arket, dei flyt litt ut.

Når du vil spraye på ark, taper du kantane, samtidig som du fester det til bordet.

Når du legg blonda over, kan du stramme den opp med å legge noko tungt langs kantane.

Bruker du feks. bøker, kan du ha dei i plastposar, for at det ikkje skal kome maling på dei.

 

Fargeendra foto av bildet som vart malt i dag.

 

Litt miks av det som eg hadde malt frå før.

Eggjande fint du :)


 




 

Tenke det at sidan me teipa litt i dag, så kan eg vise fargar og tape neste gong.

Kos deg og prøv i veg, med kreative sprell.

 

Tar fatt med kakeserviett

I dag skal eg vise deg eit triks med kakeserviett.

#akrylmaling #farger #design #inspirasjon

 

Det er ein enkel teknikk med rulle og maling. 

 
 

Her kan du få mange utrykk, enten du maler på lerretet først,

eller brukar det som det er, før du maler.

Om du brukar ein eller fleire fargar samtidig

Bildet ovanfor gjev nokre eksempel, sjølv om dette er redigerte bilder.

 

Skal nett vise litt om maling og dekkevna til malingen

På maletubene så er det enten ruter, strekar eller prikkar som indikerer dekkevna til malinga.

Svart rute: dekkande maling

Delt rute: mindre dekkande

Blank rute: transparang maling. Det betyr at den er gjennomsiktig og du vil ikkje kunne dekke lerretet med den. Det vil skinne igjennom

Både den maling med svart rute og delt rute, kan du gjere mindre dekkande om du tynner ut med vatn.

Eg kjem til å vise litt av det seinare med andre teknikkar.. eks akvarell lignande måte å male på


Desse må du ikkje kaste, dei er med lerretene og skal brukast til avspenne lerretet når du er ferdig å male, 

slik at ramma ikkje vrir seg. Skal vise korleis me set dei i når eg er heilt sikker på at eg ikkje skal male meir på lerretet.

 

Vel på tide å male litt og.


Blanke lerret og kakeserviett.

 

I dag skal me bruke rulle. Eg liker best dei rullenen som ikkje er loddne, lignar på ein svamp


I dag legg eg på ein underfarge og har vald ein transparang blå farge.


Har fukta svamperulla først,  klemt ut vatn og tørka litt med tørkepapir


Så skal det tørke.

 

Då er me klar for litt moro.


La på to fargar på eit fat, blått og lilla, for å få litt meir effekt og liv i malinga. ​


Begynner å rulle ut i frå midten og heile tida i frå deg, medan du held i servietten med eine handa



 


No vert det spennande...


Wola.. sjå der du 

 

Må ha litt meir liv i maleriet


Ofte er det plassar med meir maling enn andre, så her er det spruta litt vatn på den delen og latt det renne litt

Så sputa eg litt vatn ove heile lerretet.


Venter nokre minuttar, før eg tørker med lette trykk over lerretet, med tørkepapir


Set det litt opp slik at det kan få renne litt.


Sputar på litt meir vatn og lar det renne.


Og endå litt meir



Slik vart det i dag. Har nokre lure idear for kva eg kan gjere med det seinare,

så følg med, følg med

 

Dette er bildet er tatt inne med lys frå lampar

 

Her er det tatt ute i dagslys, men vanskeleg lys å fotografere i.


 

Neste gong så trur eg beint fram at blondegardinene ryk til, så no kan du vente med lengsel.

Det er jo kun fantasien som set stoppar for korleis og kva du kan male med

 

... "Om du trur du kan det, eller du tru du ikkje kan det, så har du rett"..

Du finn meg på instagram og #kreativemaya

 

Les mer i arkivet » Desember 2016 » November 2016
May Britt Øydvin

May Britt Øydvin

56, Ulvik

Utdanna Altivitør, med grunnfag saum, teikning, form og farge. Busett på Voss Ei kreativ sjel, som liker å prøve ut mange ulike måter å male på. Ingen reglar og former. Vart det ikkje slik eg tenkte, så male eg over og prøver på nytt. Maleri er blitt spylt i dusjen eller lagt ut i snøen. Er ideen der så må den prøvast. Mitt motto er at.. Ingen ting er umogleg, det tek berre litt lenger tid. Så endeleg, etter 2 års tenke tid er eg i gang med blogg og kreativitet frå kjøkkenbordet, som er min arbeidsplass med maling, enn så lenge. Lukka er at barn og barnbarn ikkje har fått maling i maten.

Kategorier

Arkiv

Siste innlegg

Siste kommentarer

Lenker

hits