Så enkelt kan det gjerast

# blogg #akrylmaling #tape #hobby #interiør #design #maling #fotoredigering

 

 

I dag skal me teste ut ein enkel teknikk, som alle kan få til.

Med litt enkle triks kan du lage deg eit maleri, 

Så vist du framleis seier at du ikkje kan male, så er dette 

veldig lett. 

Velkomen inn att på kjøkkenet.

 


Hugsar du dette? med sjablong?

No har eg lagt til ein  måne ( laga av maleriet) og litt lyseffekt. 

 

 

Nei, no må me finne fram lerret og tape

 

Her har eg lagt fram, det som me treng.

Tape i to ulike bredder og maling.

Tenkte at eg kanskje skulle bruke bobleplast i dag, men valgte å ikkje gjere det.

Det får me ta ein annan gong


Her har eg teipa opp lerretet, eg har valgt rette linjer,

men du kan teipe den på kryss, lage ruter osv

Det er kun fantasien som stoppar.

 


Så starta me å male, begynner med den smalaste stripa,

mellom teipane. Brukar tørr svamp.

 


Legg på ein annan farge, rett på lerretet, og bruker same svampen

 


Ny farge, og same svampen, har brukt tre ulike lilla fargar

 


Slik då var det gjort, no kan du velje om du vil la det tørke slik,

eller gjere som eg gjorde.

Spraya på litt vatn.

 


Så kom gladpacken på.

Her kan du og sprute på vatn, la det ligge litt og tørke med lette trykk med tørkepapir eller fille


Her er gladpacken og tapen fjerna. Så enkelt og så fort.

 


Her kom fargane litt bedre fram

 

Her har eg festa "pluggane" i hjørnene. 

Du kan vera litt obs når du fester dei. På ferdig oppspente maleri, så følge dei med.

Men på nokre er dei veldig lett å sette inn, medan på andre må du bruke ein hammar.

Eg har brukt makt av og til og enda med at "pluggen" kom gjennom lerretet, så ver litt obs

Her var det veldig trang opning, så eg fekk dei så vidt inn.

Du begynner med det nederste "opninga" på lerretet.

 


Ferdig maleri med gladpack effekt.

 


Litt farge endra

 


Ein annan måte å feste tapen på.

Her har eg spruta vatn på og tørka av med lette trykk etter ei lita stund

malt med ein svamp her og.

 


Ein variant

 


Her har eg tapa opp på eit maleri som var malt frå før.

Så malte eg over med svart i alle rutene.

Etterpå så tok eg ei fukta fille og tørka av litt, slik at det ikkje vart så "harde" kantar

Dette bildet er det vanskeligast eg nokon gong har tatt bilde av,

har alltid blitt uklart. Men no skal eg få tak i fjernutløysaren til fotoapparat ( som eg har klart å gløyme att, etter besøk)

Så då vil nok resten av bilder til bloggen bli litt klarar og.

Skal lite rystelsar til med manuell innstillingar sjølv på stativ. Nok med at sleppe opp bildeknappen, litt for fort.


 

 

Avslutter dagen med bildemiks av det som står øverst i bloggen i dag

      
Månen som er miks av maleriet, før eg brukte sjablong på det. Den er blitt "klypt ut" i redigeringsprogrammet Gimp

og sett inn i maleriet.
Gimp er eit gratis nedlastings program for bilderedigering.

Eg bruker og Picasa mykje, både til miks og tekst. Det er og gratis redigeringsprogram, som du kan laste ned.



 

 No har eg vist nokre enkle teknikkar som du kan bruke for å skape ditt eige maleri.

Vi har brukt , gladpack, sjablong, blonder, kakeserviett og tape,

så no kan me ta fatt med penselen, eller blir det visakortet? kanskje cden? 

 

Ja, sei det du, det vil tida vise,

så no kan det  

bli spennande. 

 

 

 

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

May Britt Øydvin

May Britt Øydvin

56, Ulvik

Utdanna Altivitør, med grunnfag saum, teikning, form og farge. Ei kreativ sjel, som liker å prøve ut mange ulike måter å male på. Ingen reglar og former. Vart det ikkje slik eg tenkte, så male eg over og prøver på nytt. Maleri er blitt spylt i dusjen eller lagt ut i snøen. Er ideen der så må den prøvast. Mitt motto er at.. Ingen ting er umogleg, det tek berre litt lenger tid. Så endeleg, etter 2 års tenke tid er eg i gang med blogg og kreativitet frå kjøkkenbordet, som er min arbeidsplass med maling, enn så lenge. Lukka er at barn og barnbarn ikkje har fått maling i maten.

Kategorier

Arkiv

hits