.."La det renne i strie strømmer.."

#akrylmaling #hobby #dekor #interiør #maling #design #maleteknikker

 

 

I dag skal me la fargane, renne og sige nedover lerretet

 



 

 

Tykkjer du at det ser vanskeleg ut?

Ikkje fortvil, blir det ikkje slik det skal, så maler me over maleriet att.

Dette har eg malt på fleire gonger under prosessen og latt det tørke mellom kvar gong eg maler.

 

Blei litt dramatiske fargar, men så var eg vel gjerne i det dramatiske hjørnet, he, he

Mange har problem med å bruke svart maling i maleria, men eg tykkjer det gjev ein veldig god effekt.

Har og brukt litt lilla, men den viser kun i godt dagslys, slik det er no.

"..Kven, kveit,..." kanskje kjem det nye fargar på etterkvart. 





 

Hiv og hoi... inn att på kjøkkenet til kost og lerret.

 

 

Eg er veldig impulsiv, når det gjeld kva eg skal male med. Dette var det eg tenkte på i dag.

Men, som vist så vart det kosten.

Har heller ikkje grunna lerretet, eg tykjer at fargane set seg bedre i lerret på den måten eg har vist til no.

Mange vel å grunne dei med Gesso, før dei maler. men då maler dei på andre måtar, som skal dekke heile lerretet.

Når eg gjer det bruker eg vanleg akryl maling og ofte restar av maling. 

Har mange gonger brukt kvit akryl veggmaling til det.

 

Vel, attende til lerretet her.

 

Her vel eg å legge maling rett på lerretet,

har lagt på gult og orange 

Når det er lite maling att på tubene, klypper eg den i to og tar ut maling med ein spatel.

"rensker" først den øverste delen. Den presser eg på tuba att etterpå, for at resten av malinga ikjke skal torke.

Derfor ser den orange litt flatare ut.

 


Som nevnt så valde eg å bruke kost

 


Starta med den gule fargen fyrst.


Bruker litt vatn og.

Til slutt maler eg ein veg på lerretet. Her, ovantfrå og ned.

 


Set opp lerretet og starte med å bruke mykje vatn på kosten.

 


Drar våt pensel over lerretet, på ulike plassar.

 


Tid for litt dramatikk, på med svart.

Bruker same pensel, uten å vaske den

 


Der det er lysare felt, er der det har vore mest vatn på penselen.

 


Lar det renne litt.

 


Snudd det, for at det skal renne litt den vegen og.

 


Tid for å tørke litt.

Det er viktig å vaske kosten og skifte vatn, når ein skal ta til med ny fargar,

etter at de har tørka.

No, framover, så vaskar eg kosten og skifter vatn, for kvar maleprosess.

 


Testar ut om litt eplegrønn farge kan gje litt liv. Maler på litt øverst på maleriet.

 


Snudde det att.

 


Tja... tid for litt meir vatn.. Så eg sprayer på litt.

 


Tørker av litt maling med tørkepair og lette trykk.

 


Tid for å tørke litt att.

Du ser kvar eg har tørka av på dei lyse partia og litt på det svarte.

 


Etter at det har tørka, legg eg på litt meir orange maling.

Bruker og litt våt pensel til å dra den du.


 

Fuktar penselen og drar over lerretet, medan det står litt opp.

 


Fram med tørkerullen att.

 


Du ser kvar eg har tørka, lysaste delane.

 


Lar det tørke att

 


Fekk ein ide om at eg kanskje kan ha på litt gult.

 


Sidan dette er ein halvt dekkande farge, så brukte eg ikkje så mykje vatn på kosten.

Du ser litt gulfarge nederst på maleriet.

 

Nei, dette vart for tamt, her må det meir drama til, så no legg eg på litt svart att.

Har maling på ein papptallerk og våt malerkost. Må dupper den ofte i vatn.

 


Fram med tørkepapir att og duser ned kantane.


 


For å la det renne litt meir, vel eg å fukte penselen att og dytte den på malinga,

med med kosten den vegen som eg held den no.

 


Tid for tørking att.

 

 


Må ha litt meir fargar, så no vert det lilla 

 

Framleis med våt pensel, oppe på maleriet og langs kantane.


 


Tid for meir vatn og la det renne. Trykker fuktig pensel oppe på maleriet

der den lilla fargen er og langs kantane.

 


Snur litt på maleriet, for at det kan renne litt denne vegen og.

 


Snudd det att og fram med tørkepapiret.

 

Spraya på vatn medan det ligg flatt og tørker litt meir.

 

Vel... på tide å la det tørke og sjå om eg skal gjere noko meir med det.

 

Trur det skal få vera slik ei stund.

 

Slik kan du leike deg fram, med pensel og vatn,

og dei fargane du likar.

Går det gale og det vert ein gusjefarge, så tørker du av lerretet

og  lar det tørke. Etterpå kan du grunne det med kvit farge og du kan starte på nytt.
 

 

Fargemiks.





 

 

Neste gong skal me bruke pensel,  meir fargar og lite vatn

Då kan du bruke eit lerret som du har malt over.

 

Då får resten av dagen gå til å gjere klart maleri, foto, oppbevaringsposar til bunadskjorter m/ brodert navn og puter, som skal vera 

med på pop-up butikk i regi av Kunstvandring på Voss

Vi opnar på søndag under julegateopninga

Skal bli godt, å ha litt mindre kreative saker på kjøkkenet. Så det vert tomt når alt er vekke der i frå.

Kos deg i dagen med fargerike sprell.

 



Takk for i dag

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

May Britt Øydvin

May Britt Øydvin

56, Ulvik

Utdanna Altivitør, med grunnfag saum, teikning, form og farge. Busett på Voss Ei kreativ sjel, som liker å prøve ut mange ulike måter å male på. Ingen reglar og former. Vart det ikkje slik eg tenkte, så male eg over og prøver på nytt. Maleri er blitt spylt i dusjen eller lagt ut i snøen. Er ideen der så må den prøvast. Mitt motto er at.. Ingen ting er umogleg, det tek berre litt lenger tid. Så endeleg, etter 2 års tenke tid er eg i gang med blogg og kreativitet frå kjøkkenbordet, som er min arbeidsplass med maling, enn så lenge. Lukka er at barn og barnbarn ikkje har fått maling i maten.

Kategorier

Arkiv

hits