Med pensel og spatel

 

 

 

 

Med pensel og spatel

 

 

"Barnet"

 

 

 

....Det var ein gang og innanfor den gangen, var det eit kjøkken....

Velkomen inn att på kjøkkenet, i dag skal me bruke pensel og spatel.

Det som er viktig med den måten å male på som eg skal vise i dag,

er å tørke av og vaske penselen ofte.

Lærte ein ny ting denne gongen, ikkje lurt å male på 50x60 lerret til bloggen, 

vart for stort til å vise heile bildet under arbeid. 
 

 

Då er me i gang.

Har malt over eit lerret, som ikkje vart som det skulle.

 


Klypt ei maletube i to og skraper maling ut av ei tuba (øverste del først), og legg på lerretet.

 


Slike tetter eg tuba etterpå, du kan og skru av korken og ta ut malinga.

Då kan du fylle litt vatn på tuba seinare og bruke den i som "sprutmaling" på lerretet.

 

 


Startar med å dra ut kvitfargen først.

 

 


Så drar eg med dei andre fargane.

 


Jobber frå midten og ut.

 

 


Drar alt over NB! hugs å vaske kosten ofte



 

 

Dratt over heile lerretet, frå venstre mot høgre,

skifte vatn ofte

 


Du vel om du vil stoppe her. Du kan legge på gladpac her om du vil.

 


Drar opp med fukta pensel og tørker av den mellom kvart penselstrøk.



 

 


Her og kan du stoppe om du vil.

 

 


Fukta penselen og dra ut lyse områder

 

 

Viser litt dårleg her, men bruker spatelen til å dra over deler av maleriet.

Bruker spatelen litt på skrå. og tørker av for kvar gong

 



 

 

Fukta pensel og drar over der eg brukte spatel

 

 


Fukta penselen og drar over  med rette linjer frå venstre mot høgre,

på deler av maleriet

 

 


Setter det opp og lar det renne litt

 


 

 

Drar over enkelte deler av maleriet med godt fukta pensel.

 



 

 


Sprayer på vatn

 


Bruker litt tørkepapir til å lage litt effekt.

 



 


Bruker liten pensel til å dra fram litt "reinare" fargar på enkelte parti, hugs å tørke/vaske

 

 

 

Dratt over heile lerretet frå venstre mot høgre, fukta penselen godt ofte.

Spruta på litt vatn og

 

 

Snudd maleriet, etter at eg har latt det renne litt.

 



 

 


Fram med spatelen, bruker den her litt på skrå og med kantsida ned

 



 

 

For å lette arbeidet, er det lurt dreie lerretet for kvar gong du skal lage "blad"

og hugs å tørke av spatelen mellom kvar gong

 


Spatelen på skrå

 



 

 


Litt dårleg lys

 

 


Slik vart det, ser du barneansiktet i eine "bladet" i midten

 

 

 

 

Fotoredigerte

 



 



 



 




 

Takk for denne visitten, kos deg med å prøve ut ulike teknikkar. 

 

Dette vert siste maleblogg før jul,

det er ein god del arbeid med å male, ta foto og redigere foto, samt å skrive bloggen, 

så tida strekk ikkje til med fleire maleprosjekt før jul.

 

Men kjem til å legge ut Adventkalendaren av mine maleri fram til Jul

 



Ynskjer Dykk ei fredleg jolehelg 

og eit fargerikt nytt år

 

 

 

#akrylmaling #jul #desember #maleteknikker #maleglede #interiør #design #godjul #hobby

 

 

 

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

May Britt Øydvin

May Britt Øydvin

56, Ulvik

Utdanna Altivitør, med grunnfag saum, teikning, form og farge. Busett på Voss Ei kreativ sjel, som liker å prøve ut mange ulike måter å male på. Ingen reglar og former. Vart det ikkje slik eg tenkte, så male eg over og prøver på nytt. Maleri er blitt spylt i dusjen eller lagt ut i snøen. Er ideen der så må den prøvast. Mitt motto er at.. Ingen ting er umogleg, det tek berre litt lenger tid. Så endeleg, etter 2 års tenke tid er eg i gang med blogg og kreativitet frå kjøkkenbordet, som er min arbeidsplass med maling, enn så lenge. Lukka er at barn og barnbarn ikkje har fått maling i maten.

Kategorier

Arkiv

hits