hits

Kreativesprell med strikkepinner

Langt om lenge vart det litt blogging att.

Det har blitt ein del maling i år og, men ikkje blogg.

 Dette året har eg  testa ut nye utrykk innan maling, med blant anna hardangersaum i maleri og trykk.

Eg har sydd åttebladroser i ulike storleikar som eg bruker til dette, og gleder meg til å utforske dette prosjektet vidare.

 

Men no, er det kreativitet med strikkepinner og garnfargar som gjeld.

Som du ser i siste blogg innlegget mitt før jul i 2017, så starta eg opp med design av strikkegnomer og hadde laga ein prototype.

Etter det innlegget har det blitt mange fleire.

 

 

Dette er  "stasgnomen"  med børsta saueull til skjegg.

 

I tre ulike stoleikar.

 

Det som og er moro, er å finne på artige måtar å stille dei ut på og som kan fungere i heimen til jul og.

 

"Badegnomen"

 

"Gammel,gammel gnomfen" 

nyaste gnomen i familien no i år.

 

I år vert det mange nye kreativesprell med gnomane og, korleis eg skal presentere dei.

 

"kom til meg, gnomen"

 

Under den kategorien så ligg det og sjølvsakt bedre foto av dei.. så det er berre ein ting å gjere..

henta fram stativet til fotoapparatet og leite etter egna stader for å ta bilder.

 

Dei gnomane som er presentert i dag, er frå ei juleutstilling i 2017 (utanom gammel, gammel gnomen)

 

Om du ynskjer det kan du kikke innom fb sida til Strikkegnomer,  der finn du og, lenker til oppskrift på dei.

 Kanskje kjem det nokre småglytt frå familien Gnomsen der og, fram til det vert nytt blogg innlegg? Kven veit.. 

https://www.facebook.com/strikkegnomer/

 

I mellom tida kan du kikke litt på dette maleriet, det er eit av fleire testmaleri med hardangersaum som eg har jobba med no i vinter som var.

 

"Sjøstjerner

 

Veldig kjekt dette og, men akkurat no, når, oktober har starta og jula nærmar seg veldig fort,

er det gnomane som har fokus.

Vel...  ny gnom er på strikkepinnane i kveld, så det er vel på tide å fortsette å stikke og pønske ut nye idear.

 

 

#strikkegnomer #gnomer #jul #design #strikk #høgtid #hobby #gnomes #knittinggnomes #designbyme #kreativitet 

 

 

 

 

 

 

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

May Britt Øydvin

May Britt Øydvin

58, Ulvik

Utdanna Altivitør, med grunnfag saum, teikning, form og farge. Busett på Voss Ei kreativ sjel, som liker å prøve ut mange ulike måter å male på. Ingen reglar og former. Vart det ikkje slik eg tenkte, så male eg over og prøver på nytt. Maleri er blitt spylt i dusjen eller lagt ut i snøen. Er ideen der så må den prøvast. Mitt motto er at.. Ingen ting er umogleg, det tek berre litt lenger tid. Så endeleg, etter 2 års tenke tid er eg i gang med blogg og kreativitet frå kjøkkenbordet, som er min arbeidsplass med maling, enn så lenge. Lukka er at barn og barnbarn ikkje har fått maling i maten.

Kategorier

Arkiv